Hopp til innhold
X
Innhald

Ozonlaget

Ozonlaget, luftlag i om lag 18–30 km høgd, i stratosfæren. Ozonet i dette luftlaget er viktig fordi det absorberer ein stor del av den skadelege ultrafiolette strålinga frå sola.

Over Antarktis har mengda ozon vorte redusert kraftig, og ein snakkar difor om eit «hòl» i ozonlaget. Målingar tyder på at ozonlaget også er noko redusert over Arktis om vinteren. Noko av årsaka er utslepp av dei såkalla KFK-gassane (klorfluorkarbon*) frå mellom anna sprayboksar og kjøleskåpproduksjon. KFK-gassane kan frigjere aktivt klor, som er ein del av prosessen, utan at kloret blir brukt opp.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 14.09.2017