Hopp til innhold
X
Innhald

Passatane

Passatane, vindsystem som blæs mellom vendekrinsane og ekvator. Nordaustpassaten finn ein på den nordlege halvkula, og søraustpassaten på den sørlege. I motsetnad til dei skiftande vindane på høgare breiddegrader er passatane forbausande* stabile. Dei er mest utprega over dei austlege delane av dei store verdshava og mest konstante omkring 15 grader nord og sør for «den termiske ekvatoren».
Systema flyttar seg noko med årstidene, men noko mindre enn sola, og dei ligg litt etter i tid, slik at dei er på det nordlegaste i byrjinga av september, og på det sørlegaste i mars. Øyar og øygrupper som ligg i passatvindane har ofte mykje våtare klima på vindsida, på grunn av orogafisk* nedbør, enn på lesida, som ligg i regnskuggen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.06.2014