Hopp til innhold
X
Innhald

Perlemorskyer

Perlemorskyer eller polarstratosfæriske skyer, skyer som av og til dannar seg i stratosfæren, i 20–30 km høgd. Lufta der oppe er vanlegvis svært tørr, og skyene blir berre danna når det blæs ein svært kraftig luftstraum på tvers av ei høg fjellkjede. Temperaturen må òg vere under –78 ºC, noko han kan bli i den lågare stratosfæren om vinteren. Skyene har gjerne eit praktfullt fargespel, men er berre synlege når sola skin på dei frå undersida.
 
Foto: Claudio Santambrgio, Flickr.com CC BY-NC-SA
Foto: Claudio Santambrgio, Flickr.com CC BY-NC-SA


Sist oppdatert: 16.06.2014