Hopp til innhold
X
Innhald

Polarfront

Polarfront, grensesona mellom den kalde polarlufta og den varme, fuktige tropelufta. Temperaturskilnaden omfattar mykje potensiell energi, som gir energi til lågtrykk og vind på våre breiddegrader.
 
Det var Vilhelm Bjerknes og bergensskulen som tidleg på 1900-talet først påviste polarfronten og rolla han har i utviklinga av lågtrykk. Med dette danna dei grunnlaget for den moderne vêrvarslinga.


Sist oppdatert: 20.06.2014