Hopp til innhold
X
Innhald

Radiosonde

Radiosonde, apparat som måler trykket, temperaturen og fukta i lufta i den frie atmosfæren. Instrumentet blir sendt opp med ein ballong, og dataa blir overførte trådlaust til jorda. Avdrifta av ballongen gir også vindretninga og vindhastigheita.
 
Radiosonden vart oppfunnen og send opp første gongen av den sovjetiske meteorologen Pavel Moltsjanov i januar 1930.
 
Foto:
Foto: "laikolosse" flickr.com CC BY-NC


Sist oppdatert: 16.06.2014