Hopp til innhold
X
Innhald

Regnskugge

Regnskugge eller nedbørskugge, nemning på eit område som ligg i le av ei fjellside eller ein høg ås. I slike område fell det vesentleg mindre nedbør enn på losida. Regnskuggane er særleg markerte i strok som ligg i passatane eller monsunane.
 
Skjåk i Noreg er til dømes ein stad som ligg i regnskuggen i fleire vindretningar, og staden har dermed den lågaste nedbørnormalen i Noreg, med 278 mm. Dette er lågare enn somme stader i Sahara.


Sist oppdatert: 16.06.2014