Hopp til innhold
X
Innhald

Regntid

Regntid, periode på ein månad eller meir i nokre strok, særleg i tropane, som årvisst er kjenneteikna ved relativt sterk nedbør. Nær ekvator blir det to regntider i året nær jamdøgna. Nord og sør for ekvator rykkjer dei to regntidene meir og meir saman, slik at det blir eit maksimum omkring midtsommar ved 20–25° breidd.
 
Regntid i India. Foto: HappyHorizon, flickr.com CC BY 2.0
Regntid i India. Foto: HappyHorizon, flickr.com CC BY 2.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 24.06.2014