Hopp til innhold
X
Innhald

Sjirokko

Sjirokko (av italiensk scirocco), varm, sørleg vind i Middelhavet. Nær kysten av Nord-Afrika er han tørr og fører ofte med seg mykje støv. Under passasjen over havet tek han opp fukt og når Sør-Europa som ein fuktig, lummer vind med tette gulgrå skyer og til dels kraftige byger.
Ein sjirokko kan vare frå ein halv dag til mange dagar. Vinden kan nå full storm om hausten og vinteren. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 11.06.2014