Hopp til innhold
X
Innhald

Skodde

Skodde eller tåke, skyer som ligg på bakken og er samansette av ørsmå vassdropar. Ein skil mellom fleire typar skodde etter måten ho er danna på.

Adveksjonsskodde får ein når varm luft som strøymer inn over eit kaldt underlag, blir avkjølt og når metting.

Strålingsskodde oppstår når luftlaget nærast marka blir avkjølt ved netto langbølgja utstråling.

Fordampingsskode oppstår når kald luft strøymer inn over ei varmare vassflate. Dette kallar ein også frostrøyk.

Blandingsskodde får ein når to luftmassar blir metta ved blanding. Dei må ha ulik temperatur og begge må vere metta med vassdamp. Felles for alle typar skodde er at sikta må vere under 1000 m.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 19.09.2016