Hopp til innhold
X
Innhald

Skyer

Skyer, synleg masse av kondenserte vassdropar og/eller iskrystall. 

Dropane er berre nokre millimeter i diameter, medan iskrystalla er noko større. Ettersom vindane i skyene ofte går oppover, held både dropar og krystall seg svevande. 

Skyer blir danna ved at luft blir heva og dermed avkjølt til mettingspunktet, og at noko vassdamp i lufta blir kondensert til skydropar. Kondensasjonen skjer omkring ein støvpartikkel (gjerne saltpartikkel) som det alltid er rikeleg av i lufta.

Skyer spreier og reflekterer alle bølgjelengder av lyset likt, slik at dei som regel er kvite, men dei kan bli grå eller svarte dersom dei er så tjukke at sollyset ikkje trengjer gjennom dei. Dei aller fleste skytypane finst i troposfæren. 

Ein deler gjerne skyene inn i to hovudkategoriar: lagdelte (stratusskyer) og konvektive (cumulus). Desse er igjen delte inn i høge, mellomhøge og låge skyer, alt etter kva høgd skybasen eller botnen av skya ligg i. Er skyene tjukke nok, vil dei som regel danne nedbør.

Foto: Tim Hailton. Flickr.com CC BY-NC-ND
Foto: Tim Hailton. Flickr.com CC BY-NC-ND


Sist oppdatert: 14.06.2017