Hopp til innhold
X
Innhald

Skysåing

Skysåing (engelsk seeding), «såing» av partiklar i ei sky (sølvjodid, karbondioksid) for å få utskilt nedbør kunstig. Denne metoden blir brukt til kunstig oppløysing av skodde, særleg ved flyplassar, men dette er berre mogleg dersom visse kriterium med omsyn til vind og temperatur er oppfylte.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 11.06.2014