Hopp til innhold
X
Innhald

Solgangsvind

Solgangsvind eller solgangsbris, vind som oppstår om dagen i kyststrok på grunn av skilnaden i temperatur mellom hav og land. Slik vind er mest vanleg om sommaren når temperaturskilnaden er størst. Når solgangsvinden startar om føremiddagen, blæs han rett mot kysten, men bøyer av utover ettermiddagen på grunn av jordrotasjonen. Seint på ettermiddagen blæs solgangsvinden parallelt med kysten, og med kysten til venstre for vindretninga.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 11.06.2014