Hopp til innhold

Storm

Storm, vind med fart frå 20,8 til 32,6 m/s. Ein skil mellom liten, full og sterk storm, dvs. styrke 9, 10 og 11 på Beaufort-skalaen for vind.

Storm er ein uvanleg kraftig vindtype som ein som regel berre kan oppleve ved kysten eller i høgfjellet. Somme stader i landet er det derimot ikkje uvanleg med storm i indre fjordstrok når vinden blæs ut fjordane.

Det engelske ordet storm blir nytta der ein på norsk ville ha nytta «uvêr». Ofte blir dette feilaktig omsett i media til storm også på norsk.

Noreg er utsett for storm. Sjå video frå NRK Skole om storm og orkan i Noreg:



Sist oppdatert: 20.09.2018