Hopp til innhold
X
Innhald

Stormflod

Stormflod, heving av havflata under kraftige uvêr slik at låglandsområde på kysten blir fløymde over. Årsaka er pålandsvind som stuar opp sjøvatnet mot kysten, i tillegg til at lågt trykk får vassflata til å heve seg.
 
Oftast oppstår stormflod når det i tillegg er astronomisk høgvatn. Fell trykket 1 hektopascal, vil normalt vassflata stige kring 1 cm.
 
Sjå video om ekstremvêr frå NRK Skole:
 


Sist oppdatert: 20.06.2014