Hopp til innhold
X
Innhald

Storofsen

Storofsen, den største flaumkatastrofen på Austlandet i historisk tid, frå 21. til 23. juli 1789. Berre i Gudbrandsdalen omkom om lag 60 menneske og meir enn 900 husdyr som følgje av flaumar og jordskred, og også i dei andre dalføra var skadane store. Snøsmeltinga kom seint på våren og skjedde raskt då mildvêr og kraftig nedbør førte til rask snøsmelting.
Dei to dagane flaumen var på det verste, var vasstanden opptil sju meter over det normale. Mjøsa vart nesten heilt dekt av tre og anna avfall, og det tok to år før innsjøen var heilt rein att. Ei tønne med volum på 132 liter skal ha regna full på tre døgn i Romsdal. Det svarar til ei nedbørsmengd på 320 mm på tre døgn.


Sist oppdatert: 16.06.2014