Hopp til innhold
X
Innhald

Støvkvervel

Støvkvervel (engelsk dust devil), kvervelvind som lyfter støv og sand opp frå bakken ved svært sterk konveksjon over eit varmt underlag.
Slike vindar oppstår på klare, varme dagar, i motsetnad til tornadoar som oppstår i samband med komplekse torevêr. Dei kan likevel likne på tornadoar i utsjånad, og sjølv om dei nokre gonger kan føre med seg øydeleggjande vind, er dei svært mykje svakare enn tornadoar.
 
Foto: Christopher, Flickr.com CC BY-SA
Foto: Christopher, Flickr.com CC BY-SA


Sist oppdatert: 11.06.2014