Hopp til innhold
X
Innhald

Stratocumulus

Stratocumulus eller bukleskyer, ei form for låge skyer med basis mellom 600 og 2000 m. Dei er samansette av ballar eller rullar med mørkare og lysare parti. Skyene liknar altocumulus, men er grovare og meir raggete sidan dei ligg lågare. Skyene oppstår som regel ved at vidstrekte luftmassar blir heva i samband med ein vêrfront. Svak ustabilitet i lufta fører så til cumulusforma. Skyene kan òg oppstå når varm luft stig frå bakken over eit område. Skyene dannar sjeldan nedbør.
 
Foto: Andreas Christen. Flickr.com CC BY-NC-ND
Foto: Andreas Christen. Flickr.com CC BY-NC-ND


Sist oppdatert: 16.06.2014