Hopp til innhold
X
Innhald

Stratosfæren

Stratosfæren, del av atmosfæren til jorda. Stratosfæren ligg mellom troposfæren og mesosfæren.

Den nedre grensa varierer frå kring 8 km over polane til 17 km over ekvator, medan den øvre grensa, stratopausen, ligg kring 50 km over bakken. Grensa mellom troposfæren og stratosfæren kallar ein tropopausen.

Stratosfæren er kjenneteikna ved at temperaturen stig med høgda til kring 0º C ved stratopausen. Kommersiell flytrafikk flyg som regel i den nedre delen av stratosfæren for å unngå turbulensen ein gjerne har i troposfæren. I stratosfæren finn ein mellom anna ozonlaget kring 24 km over bakken og perlemorskyer mellom 15 og 30 km over bakken.


Sist oppdatert: 14.09.2017