Hopp til innhold
X
Innhald

Stratus

Stratus, tåkeskyer. Slike skyer utgjer til vanleg eit jamt grått lag av låge skyer med jamn underkant. Stratusskyene finn ein mellom bakkenivå (som skodde) og opp til kring 2500 m. Tjukkleiken varierer frå nokre meter til kring 500 m. Dei kan gi litt nedbør i form av yr eller kornsnø, men ikkje større mengder.
 
 
Over skoddehavet på Sunnmøre. Foto: Allkunne.
Over skoddehavet på Sunnmøre. Foto: Allkunne.
 
Stratusskyer som gir nedbør, blir kalla nimbostratus. Stratus i høgare høgder blir kalla altostratus i mellomhøge høgder og cirrostratus i høgare høgder.


Sist oppdatert: 19.06.2014