Hopp til innhold
X
Innhald

Synoptiske vêrkart

Synoptiske vêrkart, kart der det er oppgitt resultat frå samtidige målingar ved eit stort tal meteorologiske stasjonar. Målingane omfattar mellom anna lufttrykk, vindretning, vindstyrke, temperatur, skydekke og nedbør.
Synoptiske vêrkart er grunnlaget for vêrvarslinga i alle land. Observasjonane på eitt og same kart er frå same tidspunktet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 02.06.2014