Hopp til innhold
X
Innhald

Tele

Tele, frosen jord. Når vatnet i jorda frys, utvidar det seg, og jordoverflata kan dermed bli heva fleire centimeter. Dette kallar ein telehiv. Når telehivet smeltar (i teleløysinga), hindrar dei frosne laga djupare nede smeltevatnet i å renne vekk, og jorda i overflata blir svært full av vatn.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 02.06.2014