Hopp til innhold
X
Innhald

Tornado

Tornado, kraftig kvervelvind (skypumpe) med ein diameter frå nokre titals meter opptil eit par kilometer – snittet ligg på omtrent 300 m. Tornadoar oppstår i kanten av kraftige, vertikale luftstraumar i system av cumulonimbusskyer. Vindhastigheita i ein tornado kan kome opp i over 450 km/t, og sjølve tornadoen kan flytte seg med ein fart på 30–80 km/t, nokre opptil 110 km/t.
Tornadoane valdar ofte store skadar, særleg i Australia og USA. I Noreg har ein også tornadoar kvart einaste år, men desse gjer berre relativt moderate skadar.
 
Foto: Fadil Basymeleh, Flickr.com CC BY-NC-ND
Foto: Fadil Basymeleh, Flickr.com CC BY-NC-ND


Sist oppdatert: 11.06.2014