Hopp til innhold
X
Innhald

Troposfæren

Troposfæren, den lågaste delen av atmosfæren. Det er i denne delen at dei fleste skyene og vêrfenomena oppstår. Høgda på laget er avhengig av kor mykje solenergi som når overflata, så laget er høgast over tropane (opptil 16–18 km), medan det minkar til under 10 km over polare strøk.
Høg himmel over Alnes fyr på Sunnmøre. Foto: Håkon Sønderland, flickr.com CC BY 2.0
Høg himmel over Alnes fyr på Sunnmøre. Foto: Håkon Sønderland, flickr.com CC BY 2.0
Kring 80 % av massen til atmosfæren ligg i troposfæren, i tillegg til nesten all vassdamp og nesten alle aerosoloar. Toppen av troposfæren kallar ein tropopausen. Temperaturen fell generelt med høgda i troposfæren, og han kan nå –75 ºC over ekvator.


Sist oppdatert: 20.06.2014