Hopp til innhold
X
Innhald

Varmfront

Varmfront, grenseflate mellom varm og kald luft når varmluft fortrengjer kaldluft. 

Ved varmfrontar blir det ofte løyst ut nedbør ved at varmlufta stig til vêrs og blir avkjølt. Den vanlege hellinga på ein varmfront er omtrent 1:150.

Dei første teikna på at ein varmfront nærmar seg, er eit opptrekk av cirrusskyer. Skydekket blir så gradvis tettare og lågare, og etter kvart byrjar det som regel å kome yr og regn idet fronten passerer. I tillegg er det ofte knytt tåke til varmfrontar.

I eit frontsystem følgjer alltid kaldfronten etter varmfronten og tek han gradvis igjen. Området mellom ein kaldfront og ein varmfront kallar ein for varmsektor. Varmsektoren har ofte lågt skydekke og nedbør, ofte i form av yr.

Sjå video frå Yr: Kva er frontar? Meteorolog Kjersti Opstad Strand forklarer:

Video med løyve frå NRK for Allkunne



Sist oppdatert: 23.05.2017