Hopp til innhold
X
Innhald

Vind

Vind, straum av luft som søkjer å utjamne trykkskilnader i atmosfæren.

I vestavindsbeltet, der Noreg ligg, er vinden i stor grad dominert av dei vandrande lågtrykksystema. Sterkast er dei horisontale luftstraumane. Dei vertikale er sjeldan sterkare enn 1 m/s, og ofte berre nokre cm/s. På grunn av friksjonen ved jorda kan høgdevinden bli sterkare enn vinden ved bakken. Ein særleg sterk høgdevind er jetstraumen, som kan overstige 100 m/s.

Nokre vindsystem kan vere stabile over lang tid, til dømes passatane og monsunen. Andre system har ein tendens til å variere i takt med den daglege temperaturgangen og er difor særleg markerte i klarvêr, solgangsvind, landvind og fjell- og dalvind. For observasjon av vind etter skjøn, nyttar ein Beaufort-skalaen. Vinden blir målt i ti meters høgd, og ein reknar ut snittet per 10 minutt. Ein oppgir vinden i retning og styrke.

Video frå NRK Skole, «Vind - Meteorologen forklarer»:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 15.01.2018