Hopp til innhold
X
Innhald

Vindhastigheit

Vindhastigheit, luftfarten i eit horisontalt plan. Denne blir som oftast oppgitt i m/s, km/h eller knop.

Ved jordoverflata gjer ein fartsmålingane 10 m over bakken, og vindhastigheita er definert som gjennomsnittet over ein tidsperiode på 10 min.

I større høgder nyttar ein radio- eller radarteknikk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 22.10.2015