Hopp til innhold
X
Innhald

Vêrvarsling

Vêrvarsling, varsling av vêr for ei viss tid framover.

Atmosfæren følgjer kjende fysiske lover som ein kan formulere ved eit sett med matematiske likningar. Ved å utnytte observasjonar som er gjorde på eit visst tidspunkt, kan ein kartleggje ein utgangstilstand for atmosfæren. Ved hjelp av likningssystemet kan ein suksessivt rekne ut seinare tilstandar. Dei aller fleste varsla som blir sende ut i dag, byggjer på dette prinsippet.
Vêrvarsla dekkjer periodar av ulik lengd. Dei kortsiktige er sikrast og rikast på detaljar. Til desse høyrer eittdøgnsvarsla som er mynta på folk flest, og dei blir derfor jamleg kringkasta over riksnettet. I tillegg finst det endå meir kortsiktige spesialvarsel som er laga med tanke på enkelte større brukarar, til dømes Statens vegvesen, som får spesialvarsel om snønedbør slik at det kan vere klart til brøyting og liknande. Er varslingsperioden på under 6 timar, nyttar ein ikkje matematiske modellar. Ein følgjer då rørslene til vêrsystem som allereie eksisterer, gjerne med radar.
Varsling over fleire dagar blir kalla langtidsvarsling. I Noreg blir slike varsel sende ut dagleg, og dei dekkjer ein periode på 7 døgn, men for spesielle brukarar kan dei vere på mellom 10 og 30 døgn. Langtidsvarsla er mindre detaljrike enn korttidsvarsla. Dette kjem av at vêrtypen blir varsla medan det er vanskeleg å tidfeste nøyaktig passasje av nedbørsområda, særleg i slutten av varslingsperioden.

Peikarar

Vêrvarsel frå yr.no

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.06.2014
Sist oppdatert: 23.03.2017