Hopp til innhold
Foto: William Warby, flickr.com
Foto: William Warby, flickr.com
X
Innhald

Alligatorar

Alligatorar, Alligatoridae, er ein familie av krokodillar med kortare snute enn dei eigentlege krokodillane.

Det finst to artar av alligatorar. Den eine er amerikansk alligator, også kalla gjeddealligator, Alligator mississippiensi. Han kan verte opptil 5 m lang. Den andre arten er kinesisk alligator, Alligator sinensis, som vert om lag 2 m lang. Til familien høyrer også kaimanar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2012
Sist oppdatert: 16.10.2012