Hopp til innhold
X
Innhald

Axolotl

Axolotl er ein nordamerikansk salamander av familien Ambystomiatidae. Han kan også forplante seg på larvestadiet, såkalla neoteni. Han beheld da gjellene og lever i vatn heile livet. Det er mogleg å framkalle forvandlinga kunstig ved å tilføre substans frå skjoldbruskkjertelen. Fleire stader gjennomgår likevel axolotl forvandlinga til vaksen salamander og går på land og pustar med lunger. Salamanderen vert ofte nytta til eksperiment i laboratorium.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.10.2012
Sist oppdatert: 08.10.2012