Hopp til innhold
X
Innhald

Buorm

Buorm eller vanleg snok, Natrix natrix, kan i Noreg verte 1,4 m lang. Han er mellom anna kjenneteikna av to gule flekkar i nakkeregionen. Buormen er utbreidd i det meste av Europa og delar av vestre Asia. I Noreg finn vi han hovudsakleg på Sør-Austlandet og Sørlandet, men det finst også nokre få individ langs kysten til Trøndelag og i dei sørlege delane av Nordland. Buorm lever av fisk og amfibium. Han legg egg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.10.2012
Sist oppdatert: 08.10.2012