Hopp til innhold
Foto: Robin Bray-Hurren, flickr.com CC BY-NC-ND 2.0
Foto: Robin Bray-Hurren, flickr.com CC BY-NC-ND 2.0
X
Innhald

Firfisle

Firfisle høyrer til øglene.

Firfisle eller skogfirfisle, Lacerta vivipara, høyrer til øglene. Ho er utbreidd over mesteparten av Noreg, og lever over 1000 meter over havet. Ho finst elles i Nord- og Mellom-Europa og i det nordlege Asia. Firfisla kan verte opptil 18 cm lang. Ho er til vanleg brun, men nyfødde firfisler er svarte. Firfisla lever helst ikkje langt frå vatn. Ho et insekt, makk og liknande.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.10.2012
Sist oppdatert: 19.10.2012