Hopp til innhold
X
Innhald

Halelause padder

Halelause padder eller springpadder, Anura, er ein orden av amfibium. Det finst om lag 3500 artar. Dei omfattar froskefamilien og paddefamilien. I Noreg har vi to artar av froskefamilien av slekta Rana, medan vi berre har éin art av paddefamilien av slekta Bufo. Det er vanleg padde, Bufo bufo. Paddene har korte bakbein og hud med vorter. Froskane har lange, kraftige bakbein og glatt hud. Larvene, rumpetroll, lever i vatn. Dei mistar halen ved overgangen til eit liv på land. Dei halelause paddene lever av insekt, makk og liknande.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.10.2012
Sist oppdatert: 16.10.2012