Hopp til innhold
X
Innhald

Havskjelpadder

Havskjelpadder, Cheloniidae, er ein familie av store skjelpadder som lever i havet. Det finst seks artar, mellom anna karett og suppeskjelpadde. Havskjelpaddene lever i alle verdshava. Dei har tynnare og lettare skjold enn landskjelpaddene. Uekte karett er funnen éin gong ved norskekysten. Havskjelpaddene gjennomfører til dels lange ferder på land for å komme til stadene der dei legg egg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.10.2012
Sist oppdatert: 18.10.2012