Hopp til innhold
X
Innhald

Hoggorm

Hoggorm er den einaste arten av hoggormfamilien i Noreg. Nordgrensa for hoggorm i Noreg er truleg Sømna på Helgelandskysten.

Hoggorm, Vipera berus, er den einaste arten av hoggormfamilien i Noreg. Det finst fem andre artar i same slekta i Europa, Asia og Afrika. Hoggorm er den einaste giftslangen i Noreg. Hoa kan verte opptil 86 cm lang, hannen er noko mindre. Fargen varierer frå lys grå til brun og svart med eit mørkt sikksakkband langs ryggen. Hannen er vanlegvis grå. Nordgrensa for hoggorm i Noreg er truleg Sømna på Helgelandskysten. Bitt er sjeldan livsfarleg, men har ført til dødsfall. Ein bør alltid søkje legehjelp. Hoggormen får til vanleg om lag 10 ungar, men talet kan variere frå 1 til 21.

Sjå video frå NRK Skole, «Finn huggorm!:


Foto: Geir Friestad, flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Hoggorm. Foto: Geir Friestad, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.10.2012
Sist oppdatert: 25.07.2018