Hopp til innhold
X
Innhald

Kameleonar

Kameleonar, Chamaeleontidae, er ein familie av øgler med om lag 100 artar. Dei fleste er 15—30 cm lange, men nokre kan verte opptil 70 cm. Kameleonane har tangforma lemer og gripehale. Dei lever i trea. Dei skyt ut tunga for å fange insekt. Auga rører seg uavhengig av kvarandre. Kameleonane skiftar farge etter omgivnadene eller når dyret vert opphissa. Kameleonar finst særleg i tropisk Afrika og på Madagaskar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.10.2012
Sist oppdatert: 19.10.2012