Hopp til innhold
X
Innhald

Kjempeskjelpadder

Kjempeskjelpadder er ei gruppe av landskjelpadder. Dei omfattar dei største skjelpaddene med vekt over 250 kg som lever på land. Kjempeskjelpadde, Testudo gigantea finst på Aldabra nær Madagaskar og på Seychellene. Ho var svært utbreidd i tidlegare periodar av jordas historie. På Galápagos finst elefantskjelpadda, Testudo elephantopus, som vert 110 cm lang.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.10.2012
Sist oppdatert: 19.10.2012