Hopp til innhold
X
Innhald

Kobraer

Kobraer er artar av slekta Naja av giftsnokane sin familie. Dei er svært giftige. Dei spilar ut nakkehuda når dei vert skremde. Den egyptiske kobraen, Naja haje, er kjend frå gammalegyptiske attgjevingar. Han kan verte 2,5 m lang. I afrikanske regnskogar finst den svartleppa kobraen, Naja melanoleuca. Han er den lengste av kobraene og kan verte opptil 3 m lang. I Sør-Asia er den indiske kobraen, naja naja, utbreidd. På nakken har han ei teikning som kan minne om eit par briller, og han vert derfor kalla brilleslange.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.10.2012
Sist oppdatert: 18.10.2012