Hopp til innhold
X
Innhald

Krypdyr

Krypdyr eller reptil, Reptilia, er ei klasse av virveldyr. Det finst 6550 artar spreidde over heile jorda med unnatak av Arktis. Dei fleste artane lever i varme strøk. Krypdyra pustar med lunger. Dei er vekselvarme og lever på land og i eller ved vatn.
 
Krypdyra vert inndelte i skjelkrypdyr, der vi har øgler og slangar, skjelpadder, krokodillar og ordenen bruøgle. Bortsett frå skjelpaddene har alle langstrekt kropp. Huda består ytst av eit hornlag, som er skjel eller plater. Krypdyra har kloakk. Dei har indre befruktning, og dei fleste legg egg. Dei lever av insekt og smådyr, og nokre tek større dyr. Enkelte øgler og landskjelpadder et planter. Krokodillane står høgast mellom krypdyra med velutvikla lemer og hjarte med fire kammer.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.10.2012
Sist oppdatert: 19.10.2012