Hopp til innhold
X
Innhald

Landskjelpadder

Landskjelpadder høyrer til familien Testudinidae. Dei omfattar om lag 40 artar. Landskjelpaddene lever i tempererte og tropiske strøk i alle versdelar med unnatak av Australia. Dei har eit frambeina, kvelvd ryggskjold som dei kan trekkje beina inn under. Landskjelpaddene lever av planter, insekt, sniglar, ormar og så vidare. Dei grev ofte ned egga i sanden, slik at dei vert ruga ut ved hjelp av solvarmen. I Europa finst det tre artar landskjelpadder i middelhavsområdet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.10.2012
Sist oppdatert: 18.10.2012