Hopp til innhold
X
Innhald

Lauvfroskar

Lauvfroskar, Hylidae, er ein familie av amfibium i ordenen halelause padder. Dei fleste av dei lever blant lauvverket i tre og buskar. Dei finst i dei fleste tropiske område, særleg i Sør-Amerika og Australia. I Skandinavia lever nokre få individ av Hyla arborea i Skåne og Danmark. Lauvfroskane har karakteristiske sugeskåler på fingrar og tær. Dei vert brukte som fastheftingsorgan når frosken hoppar eller klatrar. Fargen kan skifte med omgivnadene.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.10.2012
Sist oppdatert: 18.10.2012