Hopp til innhold
X
Innhald

Ormeøgler

Ormeøgler, Amphisbaenia, er ei gruppe av øgler som liknar på slangar. Det finst i alt om lag 140 artar. Bakbeina manglar alltid, men tre artar har korte frambein. Dyra er tilpassa eit liv med å grave i jorda. Dei finst ofte i termitt-tuer, morkne stubbar med meir. Vi finn dei i fleire verdsdelar, dei fleste i tropisk Amerika og Afrika.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.10.2012
Sist oppdatert: 19.10.2012