Hopp til innhold
X
Innhald

Padde

Padde, Bufo bufo, er den representanten for paddefamilien som lever lengst mot nord. I Noreg er ho utbreidd på størstedelen av Austlandet og langs kysten nordover til Visten. I Sverige og Finland finst ho også nord for polarsirkelen.
 
Padde finst i nesten heile Europa, og ho lever i store delar av Asia og i Nord-Afrika. Ho gyt egg i opptil 20 cm lange snorer i vatn om våren. Padda har ein intens «bjeffande» song etter at det vert mørkt. Padda lever stort sett på land. Ho et virvellause dyr. Ho har talrike giftkjertlar i huda. I Noreg vert padda 6—12 cm lang. Sjå også amfibium.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.10.2012
Sist oppdatert: 19.10.2012