Hopp til innhold
X
Innhald

Padder

Padder omfattar Amphibia og Bufonidae. Amphibia er ei klasse av vekselvarme virveldyr. Klassa omfattar tre ordenar. Dei er halepadder eller salamandrar, halelause padder og ormepadder. Larvene pustar med gjeller, medan vaksne dyr som regel pustar med lunger eller med huda. Bufonidae er ein familie av amfibium, padder, i ordenen til halelause padder. Dei omfattar om lag 340 artar og er utbreidde i alle verdsdelar med unnatak av Australia. Dei omfattar vår vanlege padde, Bufo bufo.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.10.2012
Sist oppdatert: 19.10.2012