Hopp til innhold
X
Innhald

Pytonslangar

Pytonslangar, Pythonidae, er nært i slekt med boaslangane. Dei er ein familie av til dels kjempestore kvelarslangar som hovudsakleg finst i Afrika, Søraust-Asia og Australia. Vi kjenner til over 30 artar. Gitterslange eller nettpyton, Python reticulatus, som finst i Søraust-Asia, kan oppnå ei lengd på 10 m. Pytonslangane lever av mindre pattedyr.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.10.2012
Sist oppdatert: 19.10.2012