Hopp til innhold
X
Innhald

Slettsnok

Slettsnok, Coronella austriaca, er ein av dei tre slangane som finst i Noreg. Han vert opptil 80—90 cm lang. Kroppsskjela er glatte og slette, i motsetnad til hos hoggorm og buorm. Slettsnoken er gråbrun med to rader med mørke flekkar langs ryggen. Han lever av firfisler og stålorm, og også av fisk, fugleungar, smågnagarar og insekt. Slettsnok er knytt til tørre berg i dei heilt sørlege og søraustlege delane av Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.10.2012
Sist oppdatert: 19.10.2012