Hopp til innhold
X
Innhald

Varanar

Varanar, Varanidae, er ein familie av øgler. Dei held til i Afrika, Sør-Asia, Australia og enkelte øyar i Sørhavet. Komodovaran, Varanus komodoensis, vert over 3 m lang. Nilvaran, Varanus niloticus, vert over 2 m lang. Han finst i elvar i Afrika. Bandvaran, Varanus salvator, vert om lag 2 m lang. Han lever i Sør-Asia. Kjøt og egg av varan er velsmakande, og skinnet vert mellom anna brukt til vesker.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.10.2012
Sist oppdatert: 19.10.2012