Hopp til innhold
X
Innhald

Åbor

Åbor, Perca fluviatilis, er den mest vanlege av artane i åborfamilien i Noreg.

Åboren høyrer til innvandringsgruppa Femund/Finnmark-fiskane og finst i mange vassdrag i Finnmark og Troms, på Austlandet, heilt nedover til låglandsvatn i Agder. Samstundes greier han seg godt i høgfjellsvatn heilt opp til over 1000 meter over havet. Der det er bra med fôrfisk, slår gjerne større åborar over på fiskediett, og då blir dei gjerne svært store. Det er likevel sjeldan at åboren blir over eitt kilo her i landet. Når det blir rapportert om fangst av åbor på fleire kilo, er det nok mest sannsynleg at det er gjørs som er fanga. 

Åboren er ein god matfisk, men han har ofte høgt kvikksølvinnhald, både fordi han et mykje anna fisk, og fordi han veks relativt seint.

Først publisert: 03.04.2017
Sist oppdatert: 03.04.2017