Hopp til innhold

 Europeisk ål. Foto: pmax.
Europeisk ål. Foto: pmax.
X
Innhald

Ål

Ål er ein katadrom art som høyrer til ålefamilien, som har i alt 15 artar.

Ål, eller den europeiske ålen, Anguilla anguilla, er ein Katadrom art som høyrer til ålefamilien, Anguillidae, som har i alt 15 artar, og dei fleste er katadrome. Den europeiske ålen finst frå Svartehavet og Middelhavet til Kvitsjøen. Hoa kan bli opptil 1,5 m lang og skal kunna vege heilt opp til 12 kg, men det vanlege er langt mindre. I til dømes Årungen i Akershus har ålen vekter frå 0,7 til 2,7 kg som blankål. Hannane blir normalt ikkje over 0,5 m.

 

Ålen gyter i Sargassohavet. Det pilbladliknande larvestadiet (leptocephalus) driv med havstraumen mot Europa, og når larvane kjem inn mot kysten, blir dei forvandla til glasål. Det er som glasål at ålen startar vandringa opp i elvane, og han får etter kvart pigmentering. Slik vandring av glasål opp elvane blir kalla ålefaringar. Ålen går så over i eit nytt stadium, han blir gulål. Gulålen har mørkebrun rygg og gul underside, derav namnet gulål. Ålane kan vere i gulålstadiet til dei er godt over 20 år før tida kjem då dei skal vandre tilbake til Sargassohavet. Då skjer det ei ny forvandling – og han blir Blankål. Dette namnet har han fått fordi buken er blank. Ryggsida er nærmast svart.

 

Blankålen vandrar ut av vassdraga om hausten. Då sluttar han å ete, og magen og tarmen skrumpar inn. På vegen tilbake til Sargassohavet blir kjønnsorgana utvikla. Trass i at blankålen har slutta å ete, greier han å gjennomføre den lange tilbakevandringa til Sargassohavet ved å tære på opplagsnæringa, som er feitt.

 

Ål har vore ein viktig matfisk, men bestanden har gått sterkt tilbake over heile Europa, og han er no sett på den norske Raudlista som kritisk trua. Tidlegare var det ein omfattande fangst av nedvandrande blankål i mange norske vassdrag. I til dømes Orrevassdraget på Jæren blei det i 1970 teke nærmare sju tonn blankål, og av dette blei tre tonn teke på éi natt. Mesteparten av ålen som blei fanga i Noreg, blei eksportert til Danmark, der mykje blei foredla til røykt ål.

 

Til same slekta høyrer den amerikanske ålen, Anguilla rostrata. Andre artar finst i Indiahavet og Stillehavet. Havålen, Conger conger, høyrer til ein annan familie og er ein rein saltvassfisk. Han kan vege opptil 65 kg. Havål er sjeldan hos oss.

Først publisert: 23.10.2012
Sist oppdatert: 31.03.2017