Hopp til innhold
X
Innhald

Anadrom

Anadrom er ei nemning på fisk som gyter i ferskvatn, men som vandrar mellom ferskvatn og saltvatn.

Avhengig av arten kan ungane leve frå nokre månader opp til fleire år i ferskvatn før dei vandrar til saltvatn, der dei har hovudveksten sin fram til kjønnsmodninga.

Hos nokre artar, til dømes røye (røyr) er den anadrome forma (sjørøye) i saltvatn berre ei kort tid om sommaren før dei vandrar tilbake til ferskvatn, der dei overvintrar, for så å vandre til sjøen att neste vår og forsommar, saman med førstegongsvandrarane (smolt). Andre artar, til dømes atlantisk laks, er i havet fram til dei blir kjønnsmodne, det vil seie at dei er minst eitt år i saltvatn før dei startar tilbakevandringa til den elva dei vandra ut frå som smolt, jamfør omgrepet katadrom.

Fellesnemninga for anadrome og katadrome fiskar er at dei er diadrome, det vil seie at dei utnyttar både ferskvass- og saltvassmiljø i ulike stadium av livssyklusen.

Først publisert: 02.10.2012
Sist oppdatert: 02.01.2017