Hopp til innhold
 Ansjos. Foto: Abigail Powell, flickr.com
Ansjos. Foto: Abigail Powell, flickr.com
X
Innhald

Ansjos

Ansjos, Engraulis encrasicolus, er ein liten sildefisk som lever i stim nær kysten frå Skagerrak og Kattegat til kysten av Nordvest-Afrika. Han finst også i Svartehavet og Middelhavet. Ansjosen er ein sporadisk gjest ved kysten av Sør-Noreg. Arten vert først og fremst brukt til hermetikk, da vert han salta, til sardellar, eller kryddersalta. Norsk «ansjos» er kryddersalta brisling, som er ein annan art i sildefamilien.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.10.2012
Sist oppdatert: 02.10.2012